Les
artikkel i Bergens tidende (PDF)
Tittel:
Dei fine ferjene (2. utgåve)
Forfatter: Otto Ersland
Pris: 299,-
Sideantall: 130
Format: Innbunden
Målform: Nynorsk
ISBN: 978-82-8163-018-5
Utgivelsesår: 2007
Utgivelsesdato: 22/11-2007 |
|
|
Å veksa opp på
1960-talet var flott. Bilane blei større og finare.
I fjernsynet kommenterte Erik Tandberg og Jan
P. Jansen romferdene, og Erik Bye song Skomværsvalsen
saman med eit mannskor av sjømenn med blazer og
kvit hue. Me hadde berre ein kanal, og alle hadde
sett det same kvelden før. Me kunne sitja på den
same ferja og snakka om dei same episodane av
Jaget eller Krutrøyk. Nesten kvar vår gjennom
det meste av 1960-talet kom det ei ny ferje i
juni.
Dette er historia om dei fine ferjene til HSD
sett frå ein reisande sin ståstad. Det handlar
om ferjene slik me opplevde dei som passasjerar,
og om eit stykke viktig lokalhistorie knytta til
moderniseringa av vestlandssamfunnet. Det er óg
historia om kvar ferjene blei av etter at me ikkje
lengre hadde bruk for dei, men det er først og
fremst ei kjærleikshistorie om ferjene som HSD
bygde i tida frå 1938 til 1968, tida som var gullalderen
for dei fine ferjene.
Boka er i formatet 22 X 21 cm, 120 sider, med
180 fotografi er av dei 15 finaste ferjene til
HSD i perioden 1938 til 1968 i tillegg til litt
om to ferjer som kom i 1970 og 1971. Ragnar Hovland
har skrive forordet til boka.
Dette er andre utgåva av boka. |