KAPABEL FORLAG AS, BREDSGÅRDEN 2E, 5003 BERGEN, WWW.KAPABELFORLAG.NO

Nyheter
Bøker
Bestill
Kontakt
Om Forlaget

 

 

 

Då ferja forsvann

Kjøp boka !

 

Tittel: Då ferja forsvann
Forfatter: Marte Rommetveit,
Pris: 299,-
Sideantall: 132
Format: Innbunden
Målform: Nynorsk
ISBN: 978-82-8163-022-2
Utgivelsesår: 2008
Utgivelsesdato: 2008


Ferjene spelte ei viktig rolle for busetnaden på Vestlandet. Mange tettstader og bygder i landsdelen hadde ferjekaien – eller ferjestøet som sitt naturlege sentrum. All reising til og frå gjekk over eit ferjestø. Ferjestøet var porten ut – til resten av verda.

Marte Rommetveit har vitja dei gamle kaiane i Sunnhordland kor det før var liv og leven. Ho har snakka med dei som bur der, og som hadde sitt arbeid på kaien, om korleis livet var den gongen då ferja la til, og korleis det er i dag. Einar Økland har skrive forord og her er tekstar av Ragnar Hovland, Matti Røssland, og Brynjar Stautland.

I boka finn ein ferjekaihistoria til bygdene Flatråker på Tysnes, Siggjarvåg og Mosterhamn på Bømlo, Valevåg i Sveio, Sunde i Kvinnherad, Sagvåg og Leirvik på Stord.

Frå boka sitt etterord: Det er ikkje det at eg elskar ferjer. Å få stå i kø og venta på desse lange ferjeturane, sjå bommen gå opp og ned, løysa billett, og høyra lyden av klirrande kaffikoppar som slår meir eller mindre i utakt med motoren. Nei, eg kan styra meg for venting. Men det er noko med det. Ferjekaiar fascinerer meg. Nedlagde ferjekaiar. Tenk på alt som har skjedd der. Tenk på kva dei har betydd for folk.

Ein slik tanke kom brått til meg for nokre år sidan då eg var på Tysnes og køyrde forbi skiltet Flatråker. Eg kom til å tenkja på då ferja gjekk derifrå. Eg berre måtte svinga ned for å sjå korleis det såg ut no.

Tidene endrar seg. Ferjeturane blir kortare og kortare. Målet er å koma frå a til b på kortast mogleg tid. Bruer og undersjøiske tunnelar blir bygde. Resultatet blir fleire nedlagde ferjekaiar. Ei uunngåeleg utvikling.

Kva om me tek turen tilbake til desse ferjekaiane? Tilbake i tida, tilbake i historia. For kaien har betydd noko for folk. Den var eit knutepunkt som forsvann.

Og det er det eg har gjort. Ei reise som resulterte i eit stykke historie som eg synst det er viktig blir formidla og teke vare på. Køyr gjerne over moderne bruer og igjennom undersjøiske tunnelar. Men aldri gløym ferjekaien.

Marte Rommetveit

Om forfattaren: Marte Rommetveit er utdanna journalist frå Universitetet i Stavanger. I tillegg har ho mellomfag i litteraturvitskap og grunnfag i nordisk. Rommetveit har jobba i avisa Sunnhordland på Stord i fleire år fram til januar 2008. No driv ho NRK Hordaland sitt lokalkontor på Stord. Denne boka byggjer på ein serie reportasjar tidlegare trykt i avisa Sunnhordland på Stord.

Kjøp boka !

 

 




   

Bøker frå Kapabel Forlag


Det er no gått 30 år sidan Veteranskipslaget Fjordabåten vart skipa og gamle
«Stord» henta heim frå Oslo...

Opplevelser som satte varige spor i den unge sjøguttens sinn.
.
Portrett av modisten
Kirsti Nordberg Moe.

Frå tida då alt var svært lett og vanskeleg på same tid.

Njaal Sæveraas forteller historier fra et langt liv i jussens tjeneste.

Ei rundreise til matprodusentar i Sunnhordland.
.
Den første av fire bøker om ungguten Hugo.

En fortvilt hjemreise gjennom Vestlandet.

Bok frå hagen og landskapsparken mellom fjella i Rosendal.

Ferjeminne frå Nordhordland.

Historia om ferjekaiene.

En gang var Stavanger og Rogaland kjent over «hele» verden for sine vakre og effektive lokalruteskip…

Morsomme og alvorlige historier fra en veterinærs opplevelser på den norske landsbygden.

Eit innblikk i ei verd som er nær i tid.
.
Sovjetiske krigsfangar, norske partisanar og russaren «Nils».
 
Historien om Thor Brekkeflat og hans liv som gateprest i Bergen.

En kjærlighets-
historie om ferjene som HSD bygde i «gullalderen for dei fine ferjene».

En rikt illustrert bildebok som viser været i Bergen år for år 1905–2005.

Historien om «ubåtjagarane» som blei passasjerskip langs kysten av Noreg.