KAPABEL FORLAG AS, BREDSGÅRDEN 2E, 5003 BERGEN, WWW.KAPABELFORLAG.NO

Nyheter
Bøker
Bestill
Kontakt
Om Forlaget

 

 

 

Stemma mi er her

Kjøp boka !

Tittel: Stemma mi er her
Forfattar: Anne Karin Fonneland, Lars Amund Vaage, Måleri, Camilla Fonneland
Pris: 249,-
Sidetal: 78
Format
: Innbunden
Målfom: Nynorsk
ISBN: 9788281630246
UT.år: 2008
Ut.dato: 2008

 

Bok frå hagen og landskapsparken mellom fjella i Rosendal.

Tittel: Stemma mi er her
Dikt: Anne Karin Fonneland ( forfattar)
Bilete: Camilla Fonneland ( biletkunstnar)
Artikkel : « Landskap og inspirasjon» : Lars Amund Vaage ( forfattar)

Dikta og bileta har oppstått i møte med eit landskap, nærare bestemt Baroniet i Rosendal. Men ganske fort blir perspektivet mykje vidare enn utsynet frå porten til ein hage. Slik står det i eit av dikta til Anne Karin Fonneland:

Vi skulle møtast her,
men veit ikkje kvar vi kjem frå
mellom solglimt og galaksar

« I det vakre, under dei veldige trekrunene, der saknar ein meir, der møtest ein sterkare, der kjem ein nærare kvarandre ” enn nokon gong før”. Hagen forsterkar, riv oss opp med venleiken sin, uroar oss og trøystar oss med den same venleiken, gjer at me kan sakna meir og elska meir.»

« Eg ser bileta til Camilla Fonneland som granskingar av det ukjende, eller kanskje betre sagt: underleggjeringar av det me kjenner. Gjennom fokusering på detaljar skaper ho undring og minner oss om ” det store i det små”. Bak det me ser finst det noko anna, under blomen finst det ein annan blom, vakrare, djupare raud.»

« Korleis påverkar landskapet oss? Spørsmålet er så stort at det er knapt til å svara på. For kva er landskapet anna enn den endelause verda? Ein mikroskopisk del av kosmos me kan sjå og høyra? Me går langs ein stig, men det er den epleskal-tynne jordskorpa me trør på, og tyngdekrafta held oss fast på ein planet som rasar gjennom verdsrommet. Liva våre er knapt augneblinkar i ein kosmisk samanheng.»

Lars Amund Vaage

Kjøp boka !

 

 




   

Bøker frå Kapabel Forlag


Det er no gått 30 år sidan Veteranskipslaget Fjordabåten vart skipa og gamle
«Stord» henta heim frå Oslo...

Opplevelser som satte varige spor i den unge sjøguttens sinn.
.
Portrett av modisten
Kirsti Nordberg Moe.

Frå tida då alt var svært lett og vanskeleg på same tid.

Njaal Sæveraas forteller historier fra et langt liv i jussens tjeneste.

Ei rundreise til matprodusentar i Sunnhordland.
.
Den første av fire bøker om ungguten Hugo.

En fortvilt hjemreise gjennom Vestlandet.

Bok frå hagen og landskapsparken mellom fjella i Rosendal.

Ferjeminne frå Nordhordland.

Historia om ferjekaiene.

En gang var Stavanger og Rogaland kjent over «hele» verden for sine vakre og effektive lokalruteskip…

Morsomme og alvorlige historier fra en veterinærs opplevelser på den norske landsbygden.

Eit innblikk i ei verd som er nær i tid.
.
Sovjetiske krigsfangar, norske partisanar og russaren «Nils».
 
Historien om Thor Brekkeflat og hans liv som gateprest i Bergen.

En kjærlighets-
historie om ferjene som HSD bygde i «gullalderen for dei fine ferjene».

En rikt illustrert bildebok som viser været i Bergen år for år 1905–2005.

Historien om «ubåtjagarane» som blei passasjerskip langs kysten av Noreg.