BOKA ER UTSELD. NYTT OPPLAG KJEM I APRIL 2023!
Eg vonar du kan kose deg med versa mine. Sjølv om norsklæraren gjerne hadde brukt raudblyanten, fortener versa å komme fram i ljoset med dei lyter og språklege fridommar dei er fødd med. Etter eit langt liv på scena er eg nok blitt ein språkleg rabulist som har latt alle hemningar fare i jakta på dei vanvitige formuleringane som ikkje finst andre stader enn i mitt univers. Eg innrømmer glatt at eg juksar og krøllar til språket for å gje deg ei oppleving. Vanlegvis framfører eg versa sjølv, og då merker du ingenting, men nokre av dei galnaste versa fortener å komme på trykk, for i mitt hovud er det uperfekte heilt perfekt.
Boka er ei samling vers med humor, ettertanke og alvor. Eg vonar du ser livsglede og alvor i humoren, og glimt i auga i alvoret. Her er meininga at du skal finne litt av kvart frå mitt univers. Til både trøyst og glede.
Arne Torget
Kommentarer