Fri frakt på alle ordre
Til kassen
Totalt: 0,-

Logg inn

Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter
Til kassen
Totalt 0,-

SOLDRÅPAR

249,-
Vennligst velg

ARNE TORGET

SOLDRÅPAR

Arne Torget vart fødd ved eit uhell som attpåklatt, yngst av fire søsken i 1966. Han har alltid vore opptatt av språk og ord. Mest ord. Korleis ord kan stablast saman og få meiningar som ikkje andre har tenkt på, som ein verbal kreativ lego. Han har alltid likt å underhalda, få folk til å le. Med raudt hår og fregner og lopper i blodet og ein dose melankoli i sinnet har denne underlege skruen gått sine eigne vegar. Når kompisane prioriterte rock og fotball tidleg på -80 talets Husnes, prioriterte unge Torget kulestøt og poesi. Ikkje nett det som gjekk heim hos jentene i 1982. Han debuterte med det vidgjetne diktet "Tollaren Bjarte" i Husnes Ungdoms-skule si skuleavis i mars 1980. Han har reindyrka den rå upolerte poesien som kan vera stygg og vakker på ein gong. Han har vore husdiktar i lokalavisene Kvinnheringen, Sunnhordland og Grenda der han har skildra kvardagen i lokalsamfunnet med alternative vinklingar. Dette resulterte i to bøker og eit julehefte på -90 talet saman med teiknaren Trygve Hansen, som og har bidrege med illustrasjonar i Soldråpar. Etter å ha blitt lurt inn på det store merkelege samfunnet Facebook har han brukt sine observante eigenskapar til å krydra kvardagen til sine medfylgjande vener. Dei korte positive vitaminpillene vart så godt mottekne at nokon ville ha det i ei bok. 

Kommentarer

×
Produktet du valgte er lagt i handlekurven