Informasjon
Nitten år gamle Aron Reinholdtsen tek arbeid ved Kanelbyen etter at faren køyrer inn i ein trailer og døyr. Det siste faren sa til han, var: «Kjem eg ikkje tilbake, er det di skuld.»
På Avsnitt 3 bur tjueni menn. Dei søv på salar, bruker opne toalett og blir vaska, barberte, medisinerte og innelåste etter faste rutinar. Dei tilsette kallar dei Sjahen av Persia, Ulan Bator, Punktum og Piddien.
I byrjinga stiller Aron spørsmål. Etter kvart gir han dei same svara som han sjølv fekk.
Søster Veronika vil sende han på vernepleiarskulen. Christiane meiner han må kome seg vekk. Julie er trulova med ein annan. Aron drikk øl, skriv dikt og prøver å finne ut kva han skal bruke livet sitt til.
Året i Kanelbyen er ein mørkt humoristisk og sår roman om menneske på innsida og utsida, om skuld, fridom og den vanskelege kunsten å finne sin eigen veg.
Kommentarer