Hopp til innhold

Norsk nettbutikk | Rask levering | Frakt i hele Norge

Ny

Blod og vatn. Boka kjem frå trykkeriet 1. oktober, kan bestillast no!

Art.nr: 9788281633575
BLOD OG VATN – FIRE KLAGESONGAR   Éin gard. Fire forteljarar. Kvar av dei har sin monolog, eller kanskje heller klagesong,  om livet på garden. Ekteparet strevar med å «dra lasset saman». Odelsguten drøymer om å bli diktar, men tvilar på om han duger til noko som helst. Tenestejenta har etter 35 år enno ikkje kome seg av flekken, bunden av eit papir ho ein gong skreiv under på. Den gamle sit med nøkkelen til det meste. Frå han høyrer me ingenting – før det ein dag skjer noko … Blod og vatn er ein fleirstemd roman om arv og odel, arbeid og utanforskap, plikt og lengt, og om kva det kostar å høyra til. Den prislønte forfattaren Hermann Starheimsæter er kjend for skildringar av menneske under press og for eit særmerkt språk. Kritikarane har trekt fram både dei presise, «mimoseaktige» sansingane og «den store humor». I Blod og vatn , hans mest omfattande bok til no, møtest desse kvalitetane i ei forteljing der også det metafysiske og religiøse står sentralt.

489,-

På lager: 750
Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

BLOD OG VATN – FIRE KLAGESONGAR

 

Éin gard. Fire forteljarar. Kvar av dei har sin monolog, eller kanskje heller klagesong,  om livet på garden. Ekteparet strevar med å «dra lasset saman». Odelsguten drøymer om å bli diktar, men tvilar på om han duger til noko som helst. Tenestejenta har etter 35 år enno ikkje kome seg av flekken, bunden av eit papir ho ein gong skreiv under på. Den gamle sit med nøkkelen til det meste. Frå han høyrer me ingenting – før det ein dag skjer noko …

Blod og vatn er ein fleirstemd roman om arv og odel, arbeid og utanforskap, plikt og lengt, og om kva det kostar å høyra til.

Den prislønte forfattaren Hermann Starheimsæter er kjend for skildringar av menneske under press og for eit særmerkt språk. Kritikarane har trekt fram både dei presise, «mimoseaktige» sansingane og «den store humor». I Blod og vatn, hans mest omfattande bok til no, møtest desse kvalitetane i ei forteljing der også det metafysiske og religiøse står sentralt.

Kommentarer

  • postnord.png
  • vipps-orange.png
  • klarna-dark.png