300,-
Utselt, vurderar nytt opplag i 2026
Er det ikkje slik at vi engstar oss litt for mykje? Redde for å bli sjuke, redde for at nokon som står oss nære skal bli sjuke, vi søkjer etter sjukdom på nett, les overskrifter i avisene om sjukdom.
Eg bestemte meg for å ta for meg heile alfabetet og byrja med A. Jobba meg fram til Å, og brått hadde eg sjukdomsrelaterte dikt på alle bokstavane. Så har eg supplert etter å ha fått innspel frå folk, og plutseleg er dette blitt ei samling med små humørpillar mellom to permar. Alvoret er der i nokre av dikta. Men målet er heile tida å få deg til å sjå litt lysare på grå dagar. Eg merkar, når eg har opplesingar av desse av og til løgne og snåle dikta mine, at folk blir i godt humør.
Og er ikkje godt humør god medisin, kanskje?
– Arne Torget
Handlekurven din er tom!
Meld deg på nyhetsbrevet vårt og vær oppdatert med alle nyhetene våre først
Søk er ikke tilgjengelig akkurat nå. Prøv igjen om et øyeblikk.
Prøv å endre søketermene eller utforsk kategoriene våre.
Kommentarer