349,-
ARNE ERIKSEN
Send meg eit brev frå Hardanger
Trur du at denne boka handlar om poststader og postruter – eller frimerke og stempel? Å ja då – det gjer ho, men Arne Eriksen argumenterer for at dei posthistoriske spørsmåla går djupare enn som så. Dei har til dømes å gjera med den gamle kona i Hardanger som sjølv ville lesa breva frå sonen i Amerika. Difor måtte ho læra seg å lesa. Utan slik kunnskap var det uråd å delta aktivt og personleg i den nye postale fellesskapen som utvikla seg på 1800-talet.
Dette er og historia om kva som skjer når ein godt vaksen frimerkesamlar tilfeldig snublar over ei øskje med gamle fuktskada brev. Ei øskje som syner seg å innehalda livet til smeden Ole Aga som døyde barnlaus i 1891. Du får også høyra om postopnaren som tok verdiposten med seg i senga, og om posthuset som låg på ei fjellhylle vest for Hardangerjøkulen, 1307 meter over havet.
Postverket slik me kjende det er ein saga blott. 16. september 2013 vart Odda postkontor lagt ned – 21. oktober 2013 var det slutt også på Voss. Arne Eriksen tek oss med på ei vandring gjennom det klassiske postlandskapet i Hardanger. Dette er ei bok for spesialistar på levd liv, lokalhistorie, samferdsle, brev og post, Hardanger og Noreg. Altså ei bok for alle.
Handlekurven din er tom!
Meld deg på nyhetsbrevet vårt og vær oppdatert med alle nyhetene våre først
Søk er ikke tilgjengelig akkurat nå. Prøv igjen om et øyeblikk.
Prøv å endre søketermene eller utforsk kategoriene våre.
Kommentarer