scrollToTab($el, previousTop)) }" class="__accordion_heading flex sm:hidden justify-between cursor-pointer text-xl mb-2 py-2 __description_tab"> Informasjon
I to år bar eg med meg ei svart bok, ei bok full av små vers. Det å brått kome i overgangsalderen sette støkk i meg; eg gjekk litt i kjellaren. Som trøyst byrja eg å skrive små tekstar i ”svarteboka” mi. Det rare er at boka ikkje er tung og trist. Dei alvorstunge tankane vart i staden til lyse og litt sprudlande, lette vers – nett som eit glas prosecco. Så kjære lesar, her er proseccolyrikkboka di, ver så god!
Kommentarer