Fri frakt på alle ordre
Til kassen
Totalt 0,-
Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Er du usikker på hvor du skal begynne??
Sjekk ut nyhetene våre
Til kassen
Totalt 0,-

Åkle

599,-
Vennligst velg

 

Tradisjonelle åkle er handarbeid. Skapt av kunnskap som gjekk i arv. Vevarane var kvinner som vov til eige bruk, eller som bytingsarbeid. Her er det variasjonar frå bygd til bygd, frå gard til gard og frå den eine vevaren til den andre.

Åkle frå Strilelandet er ein viktig del av vår nasjonale tekstilarv med eige særpreg, fargar og mangfald.

Forfattarar og fotograf

Elin Alver (1947) bur i Alver, og er utdanna biletkunstnar og kunsthandverkar. På Husfliden i Bergen møtte ho søstrene Jacobsen, og fekk interesse for kulturhistorie og åkle. Saman med Rannveig Reigstad stod ho for dei store utstillingane i Nordhordland. Ho har vove opp att fleire gamle mønster, nærast for å kjenna på dei. Elin er oppteken av fornying og eksperiment, og har lagt kjennskapen til tradisjonell vev til grunn for nye uttrykk. Ho har hatt fleire separatutstillingar, og mange av arbeida hennar er offentleg innkjøpt. Ho vart tildelt Alver kommune sin Kulturpris for 2021.

Marta Kløve Juuhl (1950) bur i Arna, er utdanna vevar og har hatt lang fartstid som undervisar i tekstil- og kunsthistorie i vidaregåande skule. Ho har hatt fleire offentlege veveoppdrag med mellom anna kyrkjetekstilar, tekstilar for Norsk Folkemuseum, Oslo Rådhus og Gamlehaugen.

Dei siste ti åra før pensjonsalderen arbeidde ho ved Osterøy museum, der ho førte vidare arbeidet med oppstadveven, først med årlege kurs i Nordhordlandsåkle, og etter kvart prøve- og forskingsveving på mellomaldertekstilen varafell. Det førte til boka Oppstadveven – Klingande steinar (2016). Ho er ein aktiv kurshaldar og år om anna er ho ved Vesterheim Norwegian American Museum, Iowa.

Rannveig Reigstad (1944–2023) var utdanna vevar og arbeidde nokre år hjå Husfliden i Bergen. Ho var tidleg ute med dokumentasjon. Alt midt på 1990-talet tok ho til å leita etter gamle åkle, først hjå slekt og venner, men etter kvart i vidare krinsar, etter som ordet gjekk. Rannveig arbeidde systematisk med foto, mål og skildringar. Ho var genuint interessert i arbeid andre hadde gjort tidlegare. Ho la grunnlaget for denne boka. Arbeidet hennar og formidlingsevna hennar inspirerte andre, som Elin Alver, Kristi Skintveit og seinare Marta Kløve Juuhl. Rannveig tok aktivt del i den nye registreringa, som ho likte svært godt.

Kristi Margun Skintveit (1942) bur i Knarvik, er utdanna vevar og tekstilkunstnar, og spesialiserte seg tidleg på brukstekstilar i naturmateriale. Ho har bak seg mange studiereiser og har blant anna fått stipend frå Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. Ho fekk Lunning-prisen i 1967, og har vidare hatt oppdrag i formgjeving og offentlege utsmykkingsoppdrag. Kristi etablerte tidleg eiga vevstove, KristiAneVev i 1964. Etter fleire år på Austlandet flytta ho heim og tok opp att interessa for tradisjonell veving, først i Hardanger, og seinare Nordhordland. Resultata har i dei seinare åra vorte deltaking i utstillingar og utgjeving av bøker om Åklebragder frå Jondal og kring Folgefonna (2012), Ruteåkle frå Sæbø, Nordhordland (2015-2016) og hefte om senge- og båtryer (2001 og 2020).

Torill Vågenes Geelmuyden (1958) bur på Hjelmås, er portrettfotograf og har gått i lære hjå Per Sjøvoll. Etter 15 år hjå han etablerte ho sitt eige firma. Her har ho fotografert brurepar, konfirmantar, portrett, barne- og familiebilete. Torill er dessutan eit handarbeidsmenneske, og etter to år «i lære» hjå Aud Marit Halland veit ho godt korleis eit åkle vert til. Prosjektet har hatt stor nytte av hennar innsikt, både i fotograferinga og i sjølve registreringa.

Randi Andersen (1946) er tidligare avdelingsleiar ved Osterøy museum. Ho er historikar og skreiv bindet om mellomalderen i lokalhistoria til Gausdal og første bind i lokalhistoria til Arna, samt bøkene Brakakledde bygningar i Hordaland og Ei prestefrue på Strilelandet – Henrikka Landstad og oppskriftene hennar, og andre artiklar om lokal historie. Andersen var ein av redaktørane for boka Oppstadveven (2016).

Dei engelske kapittelsamandraga er skrivne av Katherine Larson, Affiliate Assistant Professor, Department of Scandinavian Studies, University of Washington i Seattle. Ho har mellom anna gitt ut boka The Woven Coverlets of Norway (2021).

Kommentarer

Relaterte produkter

×
Produktet du har valgt, er lagt til i handlekurven