Fri frakt på alle ordre
Til kassen
Totalt: 0,-

Logg inn

Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter
Til kassen
Totalt 0,-

Morgonrauden

300,-
Vennligst velg

Fotografi og gamle brev er ei påminning om elles gløymde minne. Dette kan gi oss eit vindauge, eit vindauge inn til hendingar og personar bakover til farne tider. Kven har ikkje liggande gamle bilde, brev, dagbøker og notat som kan fortelja oss om dei som verkeleg har levd innanfor bestemde grenser i Tid og Rom? Kven var desse menneska? Kva for samfunn vaks dei opp i og kva for høve hadde dei til å ta seg fram i dei landskapa dei hadde til rådvelde? Denne dokumentarromanen tek for seg 80 gamle brev skrive i tida 1905 til 1910. Desse breva gir oss eit blikk inn i tida til dei to hovudpersonane som knyter sterke kjærleiksband seg imellom. Samtidig fortel dei oss korleis livet deira blei forma etter den tida dei levde i. Ei tid prega av store omveltingar og endringar. Ein kan i stor grad seia at dette er ei reise i Tid, Rom og Klasse. 

Sara Vatne, fødd 29. nov. 1946 på Fitjar. Bur på Fagernes i Valdres. Gift og har to barn og seks barnebarn. Pensjonist sidan 2012. Har vore fast tilsett som lærar og rådgivar på Nord-Aurdal ungdomsskule frå 1977 til 2012. Har utdanning i norsk, samfunnspolitikk og kroppsøving. I tillegg mastergrad i pedagogikk, Høgskulen i Lillehammer 2008.

Kommentarer

×
Produktet du valgte er lagt i handlekurven