Fri frakt på alle ordre
Til kassen
Totalt: 0,-
Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter
Til kassen
Totalt 0,-

Statfjordfeltet

498,-
Vennligst velg

I over 50 år har arbeidsfolk i kjeledress sikra at oljestraumen frå Statfjordfeltet har gjeve gode inntekter til Noreg. Kven er dei som har halde liv i plattformene? I bøkene om oljeindustrien er det ofte sjefane som får merksemda, men no er det på tide å løfte fram fotfolket på Statfjord, som har spela ei avgjerande rolle. Her kan du lese om skipa som har segla på feltet, den krevjande helikoptertrafikken, og folka som jobbar i drilling, catering, serviceselskap og hjå operatøren.

Sverre Sangolt kjem frå Skogsvåg i Vestland fylke. Han har arbeidd som riggelektrikar på Statfjord-feltet sidan produksjonen starta i 1979. Med berre nokre få avbrot har han vore ein del av mannskapet i over 36 år. I tillegg til arbeidet offshore har Sangolt engasjert seg i å dokumentere og bevare kystkulturen. Hausten 2024 fekk han Sund Sogelag sin Kulturminnepris for sitt arbeid med formidling og konkrete tiltak innan kulturvern.

Kommentarer

×
Produktet du valgte er lagt i handlekurven