Fri frakt på alle ordre
Til kassen
Totalt: 0,-

Logg inn

Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter
Til kassen
Totalt 0,-

SUNNHORDLAND OKKUPASJON OG MOTSTAND 1940–1945

398,-
Vennligst velg

Hausten 2021 er det over 81 år sidan krigen kom til Noreg og Sunnhordland. Tida frå 9. april 1940 til 8. mai 1945 sette spor i minnet til dei som opplevde krigsåra, og mange av hendingane har fått leve vidare som forteljingar frå den fem år lange okkupasjonen. I landskapet finn me òg spor etter dei tyske okkupantane – bunkersar, murar, vegar og hustufter fortel at nokon ein gong hadde andre planar for landet vårt.

Vegard Toska har skrive om den første tida etter krigsutbrotet 9. april. Vigleik Mathisen har skrive om Atlanterhavsvollen, eit system av festningar, kystfort og forsvarsanlegg, og Oddbjørn Kvålsvold om korleis det var å ha kystfortet på Osterneset som næraste nabo. Han har òg samla augevitneskildringar frå flyangrepa mot Leirvik og senkinga av «Austri». Jon Arne Andreassen Bjelland skriv om dei frå Sunnhordland som melde seg til tysk teneste og vart frontkjemparar. Ole-Jacob Abraham har skrive om Englandsfarten, Sveinung Økland om flystyrten i Langenuen, om spionen og emissæren Peder Johan Størkesen og om jakta på Bjørgan. Flyangrepa mot Leirvik og «Austri» har Halvor Sperbund fortalt om. Desse tekstane er tidlegare publiserte i boka Brennpunkt ”Westküste”, og både forfattaren og forlaget har gitt løyve til å publisera dei på nytt her. Lars Jostein Rørvik har skrive om sabotøren og spesialsoldaten Johannes Rørvik, og Per Jan Ingebrigtsen har teke for seg krigsseglaren Peder Johan Ingebrigtsen. Eli Gundersen har formidla historia om mor si Sigvor Olsen, og Sveinung Skåtun har gitt oss lov til å publisera forteljinga til faren Øyvind Skåtun om då han var SOE-agent på hemmeleg oppdrag. Frå Lokalhistorisk arkiv i Tysnes kommune har me fått John Flygansvær si forteljing om kystfortet på Flygansvær.

 

Kommentarer

Relaterte produkter

×
Produktet du valgte er lagt i handlekurven