Fri frakt på alle ordre
Til kassen
Totalt: 0,-
Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter
Til kassen
Totalt 0,-

Sognerosa

Ventet inn 03/09/2024.
349,-
Vennligst velg

I sal frå tredje september 2024. Kan bestillast alt no; send adresse og telefonnummer til post@kapabelforlag.no, og boka blir levert fraktfritt heim til deg.

 

 

 

Ingeborg Kristine og Lovise vert døypte med nokre vekers mellomrom i Vangsnes kyrkje i Sogn. Den eine vert skriven inn i kyrkjeboka som ægte, medan den andre vert ført inn som uægte. Dette skal få følgjer for dei to som veks opp i eit bygdemiljø prega av konfliktar mellom fastbuande og tilreisande. Det er ei tid med aukande turisme og endringar. Bondekultur med handverk, vevnad og treskjering møter bykultur.

Til dei frodige bygdene kjem også båtbyggjarar frå Hardanger og Kvinnherad. Jentene får merka det yrande livet ved sjøkanten, handels- og gjestgjevarstadane.

 

OM ROMANEN APALGARD

«Fonneland held seg unna alt melodrama, det er livsens lagnad, heil ved og ekte vare heile tida. Ho skriv presist og sanseleg, med musikalsk kjensle for kvart ord og uttrykk personane kan tenkjast å bruka i dei ulike situasjonane eller i tankane.»

Odd W. Surèn i Dag og Tid

 

«Boka er lekkert skriven, ei rein nyting å lesa. Språket er klårt og smidig, presist og yndefullt, med den ranke ærlegdomen som respekt for realitetar og menneske gjev. Som eit lite stykke fiktiv, men realistisk norsk etterkrigshistorie er romanen både sosiologisk og ikkje minst psykologisk interessant.»

Erik Lodèn i Stavanger Aftenblad

Kommentarer

Relaterte produkter

×
Produktet du valgte er lagt i handlekurven